Studenttreff Sunnhordland
Publisert av:
17/10/2012 20:38
17/10/2012 20:38
Sunnhordland har eit mylder av spanande arbeidsplassar og er ein av dei sterkaste industriregionane i landet. I tillegg har regionen eit blømande kulturliv og eit mangfald av fritidsaktivitetar som spenner frå havfiske til brevandring.
For å få synt fram regionen for framtidige arbeidstakarar inviterer bedrifter, kommunar og det offentlege til Sunnhordlandstreff på Radisson Blu Hotel Norge i Bergen 1.november kl. 18-21.
Her vil deltakarane blant anna få informasjon om næringslivet, kommunane, Helse Fonna og HSH.
Meld deg på innan 25.oktober, men ver rask – talet på deltakarar er avgrensa!
Påmelding til SMS med namn, studiestad og epostadresse til tlf 917 45 102 eller epost til firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no