Publisert av: May Britt Meland
2/9/2020 14:01
Strikkeprosjekt til Nepal
Her kjem ei oppfordring til alle flinke «strikkedamer».
No er det snart vinter i Nepalfjella. Det er kaldt, og dei små fattige nyfødte har lite eller ikkje noko kler. Tysnes Normisjon og Tysnes Bygdekvinnelag vil gjerne at akkurat du vil vera med på dette strikkeprosjektet. På fødeavdelingen treng dei strikka tepper, huer og sokker. Alt må vera av ull, og ikkje kvitt då dette er sorgens farge i Nepal.
Me kjem til å samla dette inn i begynnelsen av desember ( dato kjem seinare).
Tusen takk til deg som vil vera med på dette flotte strikkeprosjektet.