Publisert av: May Britt Meland
2/8/2022 18:46
Strikk til Nyføddintensiv
Celine Lunde Rød ved Søm og strikk til NFI- Tysnes fortel til Tysnesingen.no at dei no har motteke garn til prosjektet. Ho etterlyser strikkeglade som har lyst å bidra med flittige hender. -Det er tepper, huer, sokker, mammaklutar og «nøstebarn trøyer» som skal strikkast. -Me har mønster me leverer med garnet, om dei ønskjer, seier Celine.
Det ferdige strikketøyet vert levert på Haukeland og Haugesund sjukehus. Nyfødt intensiv er ei spesialavdeling for born som er fødde for tidleg og born som av ulike årsaker treng overvåkning eller behandling rett etter fødselen.
Vil du bidra? Ta kontakt med Celine på tlf 478 76 211, helst SMS, eller på Facebook Søm og strikk til NFI- Tysnes .