Streik i offentleg sektor

Publisert av:
27/5/2010 11:20

Partane vart ikkje samde i lønsoppgjeret for offentleg sektor, og dermed vert det streik rundtom i kommunar. I Tysnes kommune vert det førebels ingen streikevakter å sjå.

– Det er ikkje varsla at nokon i Tysnes kommune vert tekne ut i streik i første omgong. Det går nokre dagar frå varsel vert gjeve til folk går ut i streik, opplyser ordførar Helge Hauge til Tysnesingen.