Strålande innsats
3/2/2014 12:04
Laurdag 1. februar fekk ungdommar mellom 10 og 20 år frå Bømlo, Tysnes, Fitjar, Stord og Kvinnherad høve til å visa sine kreative sider i Kulturhuset på Stord.
Det var 25 innslag på scena med i alt 55 dyktige deltakarar som imponerte stort. For oss som var i salen var det nesten som å vera publikum på Norske Talenter, bortsett frå at her var alle gode. Det stilte også fem deltakarar i kunstklassen, og arbeida deira vart vist i foajèen.
Deltakarane som hadde meldt seg på frå Tysnes var:
The Phoenix: The Phoenix består av fire gutar frå 9. klasse; Ludvik Kvamsøe Dalland på bass, Henrik Sebastian Epland på trommer, Håkon Knudsen på piano og Øyvind Kleppe på gitar og song. Dei gjorde ein kjempeflott opptreden, og hausta velfortjent applaus.
[youtube]Qf9eDPW-uv4[/youtube]
Tamara Natalie Madelen Helland og Nora Stien: Begge 14 år, deltok i sin fyrste konkurranse nokon gong, og imponerte med flotte stemmer, gitarspel og eigenkomponert song. Me håpar å få høyra desse flinke jentene igjen når klassen deira skal stå for 10. klasse-showet.
[youtube]8effi8Oe1mg[/youtube]
Elias Storetvedt Jordal: 12 år, deltok i kategorien kunst, med sjølvlaga boomerang og to fuglar skorne ut i tre. Alle dei tre flotte utførte verka «Boomerang», «Storlom» og «Stokkand» vart vidaresendt av juryen til Fylkesmønstringa. Han fekk også mange positive tilbakemeldingar både frå kunstnarar og «vanlege» folk.
Det var utruleg mange flotte og kreative ungdommar i aksjon, og spenninga var stor då det skulle annonserast kven som gjekk vidare til fylkesmønstringa i Bergen. Gleda var difor stor både blant deltakarar og fans i salen då samtlige innslag frå Tysnes blei ropt fram på scena med melding om at dei gjekk vidare.
Me gratulerer og ynskjer lukke til i Bergen i april!
Neste år håpar me at mange fleire kreative Tysnesungdommar melder seg på, slik at me i salen kan «heia» enno meir.
Her http://www.sunnhordland.no/tv/148 kan du sjå fleire av dei andre flinke ungdommane og litt av The Phoenix sin opptreden (Spol fram til 01:28.)