Publisert av:
26/11/2008 23:00
Stort oppmøte
I kveld var det allmannamøte på skulen på Onarheim om Hovland bu- og omsorgsenter. Det var kjempestor oppslutnad med over hundre frammøtte.
Anne Langeland fortel til Tysnesingen at alle dei frammøtte ynskjer å behalda bufellesskapet og kjøkenet.
Tysnes kommune v/administrasjonen kunne ikkje gje nokre lovnader, og det er politikarane som har det siste ordet.
Politikarane vart litt anonyme i og med at dei ikkje sat i panelet, slik det var tenkt då dei vart inviterte. Meininga var nemleg at folk skulle kunna spørja politikarane om det dei lurte på.
Høgre, Kristeleg folkeparti og Framstegparti nytta høve til å ha innspel/replikk til møtedeltakrane, opplyser Langeland i Tveit bygdalag.
Nils-Kåre Myklebust var møteleiar.
Alle bilete: Anne Langeland.