Storsiger til jentelaget

Publisert av:
6/5/2011 17:22

Kampen starta med store sjansar til Njardar, og før kvarteret var gått, hadde Renathe laga 3 mål. Njardar-jentene slappa litt av i markeringane, og motstandaren fekk sleppa til, og laga to mål.
Like etter sette Renathe inn sitt og Njardar sitt fjerde mål. Begge laga skåra eitt mål til før dommaren bles av 1.omg, slik stillinga ved pause var 5 – 3.
 
I 2 omgong vart den eine etter den andre store Njardar-sjansen sett over eller utanfor motstandar-målet. Mot slutten av kampen skåra Njardar 3 mål til, medan motstandaren ikkje laga nokon,dermed 8 – 3 siger til heimelaget. Målskårarar : Renathe H-Lunde (4).Hanne Storesætre ( 2 ).  Helene J. Bakke ( 1 )  Heidi K. Hjelland ( 1 ).
 
No frametter må ein jobba med tekniske og taktiske detaljar. Jentene er flinke til å jobba hardt, og har ein god tone og moral. Likevel kan me forbetra oss på det meste.

Desse vann kampen :  Ina Borlaug , Helene J Bakke, Hanne Storesætre, Monica R. Borgen, Alexandra T. H. Fenne, Heidi K. Hjelland, Ida Kristine Kleppe, Renathe H-Lunde, Henriette V. Lunde Helena B. Storesætre, Michelle R. Borgen.