Anne Langeland i Lodott-klubben og Ann Helen ved Joker Onarheim. Foto: Sigfrid H. Tveit

Stor oppslutning om Amandaprosjektet

Publisert av: May Britt Meland
8/2/2020 17:16

Strikkepinnane går jamnt og trutt mens praten livleg går i takt med klirrande pinnar rundt bordet.

Det er Amandaprosjektet, strikk for prematur og nyfødte som byrjar for alvor å visa seg med det eine fine strikkeplagget etter det andre.
.
.
Lodott-klubben på Tveit søkte i haust om støtte hos Tysnes sparebank og fekk pengegåva til Amandaprosjektet.
Dermed kunne me med god sponsing av Joker Onarheim kjøpa inn tråd til formålet.
Me er svært takksam for støtta hos begge partar, som bidrog til att prosjektet fekk ein dimensjon me ellers kanskje ikkje hadde fått til.
Me er også takksam og imponert over strikkegleda og entusiasme hos damene som har bidratt med strikkeplagga.
.
.
Når fristen som er sett for innlevering i midten av Mars, vert plagga vaska i allergivennlig vaskemiddel, merka og pakka. Klar for levering.
Dersom nokon har lyst å strikka har me litt tråd igjen enda. Då kan ein ta kontakt med Anne Langeland.
.
.
Ein kan lesa om prosjektet her: amandaprosjekt.no
Tekst: Anne Langeland
Foto: Sigfrid H. Tveit og  Anne Langeland