Godt med folk som var på jakt etter gode kupp.

Stor interesse for gjenbruk

Publisert av: Martha Nygård Lande
12/10/2025 09:05
Det er tydelegvis i vinden og stor interesse for gjenbruk for tida, for også denne gongen stod det kø utanfor då dørene blei opna klokka 10 i Tveit grendahus.

Denne veka har det vore haustferie på Vestlandet, og me var spende på om det var byfolk heime på hyttene, og eventuelt kor mange fastbuande som var bortreist.

Nokre av borna som kom var med besteforeldre på ferie , og kanskje det dårlege været i veka gjorde att ein del synest det var kjekt og gå på skattejakt innandørs.

Mange av dei oppmøtte var på utkikk etter gode kjøp, og ein skatt og to. Andre hadde tatt turen for nysgjerrighet og for møta kjende.

Vilja Marie Sæveruds- Mehammer var med bestemor Britt på marknad og hadde kjøpt seg både sko, og veska til og bera dei nyinnkjøpte tinga sine i.

Det var på forhånd annonsert godt om marknaden, både bilder og film av det som var til salgs var lagt ut på sosiale medier, og det viste seg og vera fleire som hadde sett seg ut ting dei ville kjøpa.

Og det mangla ikkje på utval. Leiker som var populært blandt dei små, klær, bøker, retro, strikkeklær, sko, smykker, bilder, bord, stolar og mykje anna kunne ein gjera eit godt røverkjøp på.

Elida Lunde Mundal lure på om våtdrakta passar.

Kafèen var godt likt og det gjekk unna på både lappekaker, kanelsnurrer,kaker, kaffi og saft.
Folk tok seg god tid til ein god prat rundt bordet og nokon gjekk gjerne ein runde til for handel etterpå.

Alfred, på armen til mamma Åse Sundal var på jakt etter racerbil.

Seljarane som stod på stand var fornøyd med både oppmøte og salg.

Oppsummering viser att når det kjem bra med folk, då er det ekstra kjekt for dei som står som arrangør og det blir nok gjenbruksmarknad til neste år også.