Innstendig oppmoding i høve gravferd

Publisert av: May Britt Meland
16/3/2020 13:55

Den Norske Kyrkja har som samfunnet elles sett i verk viktige tiltak i forhold til den spesielle situasjonen vi no opplever.
Alle aktivitetar er berørt.

  • Gudstenestar er avlyste.
  • Dåp så langt det er mulig blir sett på vent eller kan utførast med berre dåpsborn, foreldre og faddere til sades.
  • Det same gjeld bryllup/vigslar som er planlagde denne våren.
  • Konfirmasjonar blir utsette til etter sommaren.

Det einaste som har dispensajon og blir utført er
Gravferd.

Men desse har fått klare rammer og begrensingar til at næraste familie får vere til stede med ei grense på inntil 50 deltakerar og med avstand på minst ein meter mellom desse som er i rommet.

I kommunen har vi hatt ei risikovurdering på dette. Vi skjønar at det er leit å ikkje få vere til stede når nære og kjære skal føljast til grava og INGEN skal føle at dei sviktar sin ven eller nabo ved at ein ikkje møter opp. Kvar og ein må vi tenkje på kva vi påfører oss sjølve og andre av smittefare.
Slik det er no må vi vise omtanke på andre måtar.

Kanskje med å ta ein telefon eller sende ei helsing på anna vis.

 

På vegne av kyrkja: Marit Espedalen