Stor framgong

Publisert av:
2/2/2010 13:48

Me spele i ei pulje med sterke lag. Før jul tapte me alle kampane, men etter jul har jentene vunne 1 kamp før dei me spelte i helga. Så dei er komen sterkt tilbake og me ser stor framgong, spesielt på forsvarsspelet, dei er på ”hugget”.

I helga (30 og 31 jan) har jentene spelt to kampar. Den fyrste var mot Odda laurdag heime. Jentene gav alt frå fyrste kast. Dei jobba veldig godt i forsvar, litt svinn blei det, men likevel mykje bra. Angrepsmessig var dei litt forsiktige, men kom seg etter kvart. Me hadde gode lokale dommarar som slo ned på stygt spel. Me drog sigeren i land 18 – 17!! Jippi!!! 

Dei som var med: Eli, Hanne (1), Thea, Ida Marie, Ina (3), Anna Dorthea (5), Martine (6), Kristi (1), Nora, Kathrine og Ruth Johanne.

Dommarar var Hilde Anette og Celine.

Søndag reiste me tidleg avgårde, ferja gjekk 09.30 frå Gjermundshavn, så me måtte tidleg opp. Jentene var forberedt på tøff motstand, men me såg fort at det ikkje blei så tøft. Dei jobba veldig godt i for svar og angrep dei leia 7 – 0 til pause. Etter pause fortsette dei å jobba endo betre i angrep og slutt tavla viste 17 – 4 til Tysnes.

Dei som var med: Eli, Hanne (5), Ina (2), Anna Dorthea (7), Martine (1), Kristi (1), Nora, Kathrine og Ruth Johanne (1).

Helsing stolte trenarar Elin og Rita