Stjerner og jord
13/8/2015 10:01
Han har gjennom åra vore sjømann, fiskar, gardbrukar, annleggsarbeidar, skytebas, forkynnar i Indremisjonen og NMS, og misjonær på Madagaskar og i Senegal.
Norbdustad er fødd i 1939 og debuterte som forfatter med diktboka “utslepp” i 2009. I august i år lanserte han si andre diktbok “stjerner og jord”. Einar Økland gjev boka og forfattaren svært god omtale:
«Stjerner og Jord er ei stor og overtydande diktbok, skriven av ein mogen mann som femner livet og tilveret, både det personlege og eksistensielle og det upersonlege og kosmiske.
Det er korte avstandar mellom det evige og ugripelege og det jordnære, ufråvikelge. Boka er ei kjærleikserklæring til livet og den nære røyndomen og til ordet og orda. Og det er eit farvel til det same.
Poeten snakkar om seg sjølv så avklara og truverdig at han blir borte, og ein lesar les dikta som om han sjølv hadde skrive dei om og for seg sjølv. Blandinga er fri og god. Poeten har til kvar tid akutt gode anslag, liksom han også er svært god til å slutte i tide. Det er ei gripande bok, men ikkje tyngjande, snarare opplivande. Her er så mykje som er vakkert » – Einar Økland
Diktbøkene har ISBN nr. og kan bestillast på alle bokhandlar eller kjøpast på nett her.