Sterk vind er varsla
4/8/2020 10:13
No er det lurt å sjekke fortøyninga på båten, hagemøblar, trampolier og andre lause gjenstandar.
Det er venta sterk kuling med vindkast på 20 til 25 m/s sør for Stad i kveld. Det vil blåse godt gjennom natta. -Då kan det vere lurt å sjekke fortøyingane på båten, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid tysdag 4. august.
Tysdag:
Sørvest bris, opp i frisk bris på kysten, i ettermiddag dreiande sør. Enkelte regnbyer, periodar med sol. I kveld auking til sørleg liten og seinare stiv kuling. Tilskyande, opphaldsver.
Onsdag:
Sør og søraust stiv kuling på kysten. Regn. Onsdag føremiddag minking til sørleg liten kuling, seinare frisk bris. Skya, overgang til regnbyer.
Tysdag kveld og natt til onsdag vil det blåse opp til sør og søraust sterk kuling, med vindkast på 20-25 m/s, på kysten av #Vestlandet sør for Stad. pic.twitter.com/LX4ICSPMXi
— Meteorologene (@Meteorologene) August 3, 2020
Vindstyrke blir målt ut frå Beauforts skala. Dette er ein skala og måleenhet som vert nytta for å måle og uttrykke vindstyrke.