Publisert av:
15/12/2012 13:45
Sterk vind
Det har vore sterk vind frå nordaust i natt og laurdag føremiddag.
Heile Onarheimssida har fått merka vinden, med dønningar som slår sjøen innover.
Også på Malkenes har vinden tatt tak. Store bølgjer på sjøen gjorde at ei flytebrygge vart delt i to, og delvis vart øydelagt. Ein sjark som låg ved flytebrygga vart berga i naust utpå dagen.
Vinden har også skapt trøbbel elles i Sunnhordland i dag, les meir her