Sterk siger av G12
18/3/2012 15:25
I ein spennande og god kamp sigra Tysnes G12 over Flaktveit i Tysneshallen søndag.
I første del av 1.omgong var det jamnt. Så fekk Tysnes ein utvisning og Flaktveit tok over då dei hadde overtalsspel.
Men då Tysnes fekk fullt mannskap igjen gav dei full gass og fekk ei fem måls leiing fram til pause.
Etter pausen slapp ikkje Tysnes gjestane nærmare enn tre mål, mykje takka vera strålande keeperspel av Bjørn Ove Tjelta.
Tempoet ut kampen var høgt og det var spennande heile vegen. Mot slutten opna det seg litt opp og med Tysnes som det beste laget, og dermed enda sluttresultatet 23-16 til raudtrøyene.
Flott kamp!
Desse var med:
Bjørn Ove Tjelta, Sondre Flygansvær (5), Thomas Hjelland, Erik Enes (12), Øyvind Kleppe (3), Henrik Epland (2), Håkon Knudsen (1), Richard Wathne, Olai Hollekim.