Stengt basseng

Publisert av:
29/3/2010 19:19

Det vart ein kortare badesesong i bassenget dette vinterhalvåret enn vanleg.

Før jul var det stengt grunna rehabilitering. Etter nyttår har det vore ope, men i dag måndag vart bassenget stengt for sesongen og vatnet tappa ut.

Det er Tysnes skule som melder dette, og som i same slengen minner folk om at det heng att ein del klede i bassenggarderobane, særleg i gutegarderoben. Dei som saknar noko og vil sjekka opp om det ligg i garderoben ved bassenet må ta kontakt med skulen.

Det som ikkje er henta innan utgongen av april vert kasta, skriv tysnes.skule.no.