Publisert av:
23/2/2016 08:35
Steinsprang på Holma
I morges gjekk det eit mindre steinsprang i Holmalio. Steinar og tre som kom ned gjorde at vegen vart sperra og stoppa trafikken.
Ein lesar fortel at han, ca kl 08.50, var på veg til ferja til Stord då han vart stijande fast i køen i Holmalio.
-Politiet var allereie på staden, og det gjekk ikkje lenge før ein liten hjullastar kom og rydda vegen.
Lesaren gjev ros til ferjemannskapet som var greie og venta, slik at bilane allikevel rakk ferja.