Staseleg bygg og område

Publisert av:
16/6/2017 11:15

Det er tydeleg at eldsjelene bak Tysnes skulemuseum har lagt ned mykje arbeid ikkje berre inne, men også utanfor skulebygget.  

Med ny mjølkerampe, nytt gjerde og informasjonstavle er det vorte retteleg triveleg og interessant område rundt skulebygget. Snart skal det også monterast port mellom vegen og skuleplassen.
Hans Tore Brekke, leiar i grendalaget, seier til Tysnesingen.no at heile dalen har vore involvert og støttar prosjektet.

-Ein vil difor sjå på nummera på mjølkespanna at dei fleste gardane er representerte. Me er også heldige å ha to dyktige handverkarar i laget, nemleg Hermod og Sverre Singelstad. Legg ein til Tysnes Industri m.fl. som solide og pålitelege leverandørar og Tysnes Kraftlag som viktig sponsor ser ein at det er fleire lokale krefter i Tysnessamfunnet som er med på å gjera prosjektet mogeleg. 

Det neste dei har på programmet er å byggja parkeringsplass for å kunna ta i mot fleire besøkjande. Der ventar dei på endeleg løyve frå kommunen.

Livet rundt mjølkerampen
(Teksten er henta frå facebooksida til Tysnes skulemuseum)

Frå 1948 til 1967 vart mjølka i Solheimsdalen, så vel som på resten av øya, levert til det lokale meieriet på Uggdalseidet. Heile 12 gardar hadde på det meste mjølkelevering i svingen ved skulehuset. Dette var difor den naturlege samlingsstaden i dalen.
Ein måtte rimelegvis venta på tom-spanna før ein gjekk heimatt, og det var slett ikkje slik at mjølkebilen alltid kom presis. Ein kunne bli sitjande både vel og lenge, og karane i dalen likte godt å diskutera både utanrikspolitikk og andre nyhende som dei hadde plukka opp på radio og i aviser. Ventetida skapte samhald og samhandling, og slike møtestader var viktige, noko ein merka særskilt godt då dei forsvann. Frå 1967 til 1975 vart mjølkespanna leverte med lastebil til Bergensmeieriet, men då ved opphenting på dei ulike gardane som framleis hadde mjølkeproduksjon. I 1975 vart vegen til Solheim utbetra og utvida for å gje plass til tankbil, og vegen vart dessutan ført vidare til Skjolda, der ein også laga ein stor parkeringsplass. Slik hadde ein i tillegg til å gje vegutløysing skapt rom for ei ny tid både når det gjaldt mjølkelevering og bilparkering for utfart til Tysnesfjella. 
Som ein konsekvens forsvann dessverre den gamle møteplassen, men grendelaget ynskjer no å atterskape den fysiske plassen med skur, mjølkerampe og mjølkespann som ein del av historia rundt Tysnes Skulemuseum. Den oppveksande generasjonen vil kanskje undra seg over kva ein mjølkerampe er for noko, og det er nettopp det me vil oppnå; at ein til dømes på tur til skianlegget kan oppleva eit syn som var heilt vanleg langs vegane fram til 1975, men som no er historie.