Startar kor

Publisert av:
28/8/2010 12:08

På baksida av gårsdagens BT snakkar avisa med Dagrun Eline Dalland som er frå Tysnes.

Ho bur no i Bergen og jobbar som musikkterapeut. Dalland er aktuell i desse dagar då ho skal dirigera det aller første koret for innsatte i Bergen fengsel.

Ho seier til BT at ho lenge har hatt lyst til å starta opp korett, for ho har sett kor mykje musikk betyr for den enkelte i fengselet. Der sit det også mange som er flinke med musikk, og ho trur menneska har godt av å syngja i kor og uttrykkja seg med song.