Spennande kurs i Tysnes Husflidslag utover hausten
11/8/2025 19:42
Likar du å holde på med ulikt håndarbeid, eller ynskjer du å lære noko nytt? Då er kanskje Tysnes Husflidslag rette plassen.
Ung Husflid startar og opp att aktiviteten sin i Husflidsstova. Me startar laurdag 30. august kl 11.00 – 13.30
Opplegget vert som før, laurdagar 2,5 timar og torsdagar 2 timar 17.30 – 19.30
Pause midt i og laurdagar er det fint å ha nista med. Borna får frukt i pausen alle dagar. Pris for ikkje medlemmer er 200,-, gratis for medlemmer. Kurset er på i alt 11 timar fordelt på 5 gonger (laurdagar og torsdagar). Kva me skal laga er ikkje heilt bestemt enno, men handverks aktivitetar som passar for born vert det. Alder frå og med 3. Klasse og oppover. Påmelding til Lise Marie Spjeld, e-post: maspjeld@haugnett.no
Vidare lyser Tysnes Husflidslag ut desse kursa for hausten 2025:
–Bli ven med symaskinen. 3.-4.10-25.
Blir du frustrert over å ikkje få til å sy slik du vil på symaskina? Veit du kva alle knappane og funksjonane er? Helga Irene Aslaksen tek oss gjennom viktige funksjonar og vanlege brukarfeil i symaskinssying. Ta med di eiga symaskin, og få eksperthjelp til å forstå akkurat di symaskin. Ope for alle. Kurset varer 8 timar. Pris: 960, medlem: 760. Påmelding innan 19.09.25 ved å gå inn på Husflid.no sine nettsider og søk på kursnamn. Eventuelt kan du bruke linken: https://event.checkin.no/139869/bli-ven-med-symaskinen
–Nybyrjarkurs i grindvev. 18.10.25. Charlotte Uglehus vil læra oss å veva med grindvev. 4 timar. Kurspris 480, medlemmer 380. Det kjem i tillegg ei utgift på 420 til tråd og grindvev. Alder: cirka 14 år og oppover. Påmelding innan 01.10.25 ved å gå inn på Husflid.no sine nettsider og søke på kursnamn. Eventuelt kan du bruke linken: https://event.checkin.no/139864/nybyrjarkurs-i-grindvev.
–Kurs i Tysnes kone/jentebunad, oppstart 13.09.25.
5 timers kurs som varer til mars 2026. Kursholder er Lillian Lekven. Pris 4200,- Medlem 3325,- Materialutgifter kjem i tillegg. Påmelding innen 01.09.25 ved å gå inn på Husflid.no sine nettsider og søke på kursnavn. Eventuelt kan du bruke linken: https://event.checkin.no/139865/kurs-i-tysnes-jente-konebunad
–Justering av bunad. 31.10-01.11.25.
Har bunaden din krympa i skapet, eller har du ein bunad som av andre grunnar ikkje passar lenger? Ida Meland som syr bunadar, vil lære deg korleis bunaden kan justerast slik at den passar att. Pris ikkje medlemmer: 960, -medlemmer : 760,- Påmelding innan 15.10.25 ved å gå inn på Husflid.no sin e nettsider og søke på kursnamn. Eventuelt kan de nytte linken: https://event.checkin.no/139867/kurs-i-justering-av-bunad
Felles for alle kursa er at Husflidslaget vil nytta seg av retten til å avlyse kurs dersom det vert færre enn 4 påmeldte. Så lær deg noko nytt, eller eventuelt frisk opp gamle kunnskapar, og meld deg på kurs! Ved spørsmål, eller problem med påmelding, kontakt Astri Dalland, tlf. 97 51 64 47