Mange på partidebatt i Grendatun

Publisert av: Martha Nygård Lande
6/9/2019 09:00

Det var nesten fullt i Grendatun då lokalpartia hadde invitert til debatt torsdag kveld, 5. september.

Ni kandidatar frå fem parti skulle overtyda dei frammøte om kvifor akkurat dei skulle få vår stemme ved valet den 9. september.

Kandidatane fekk fyrst presentert seg sjølv, før dei la fram kva deira parti står for. Deretter fulgte ein debatt der kvart parti kunne få kommentera dei andre sine innlegg.

 

Frå venstre: Patrick Madsen (Ap), Anne Merete Fjeldstad (Ap), Torstein F Lunde (H), Kåre Martin Kleppe (H), Åse Enes (KrF), Magne Skartveit (KrF), Magnar Solheim (FrP), Beate Storesætre (Sp), Arne Leite (Sp)

 

Christian Nome Lepsøe leia det heile, med god hjelp frå Karl Lunde til å holda orden på tidsbruk til debattantane og rekkefølge.

Det var på førehand avklart at dei skulle innom tre tema:

  • Infrastruktur
  • Areal, næringsutvikling og arbeidsplassar
  • Klima og miljø

I denne samanhengen var det naturleg å snakke om dagens nyhet, om bru og sørleg kryssing av Langenuen, og kva ringverknader det vil ha for Tysnes.

Det kom også ein god del spørsmål frå salen, blant anna både om skule, pendlartilskot, eigedomskatt og vindmøller.

På slike åpne valdebattar får som regel politikarane kritikk for at dei har gjort for lite, eller at dei ikkje har gjort noko som helst. Denne kvelden var det kjekt å høyra frå salen at det er flott at me har folk som er villige til å vera lokalpolitikarar, og gjera ein jobb for øya vår.