Spelemidlar

Publisert av:
21/10/2016 12:40

Idrettslag, andelslag og andre samanslutningar kan søke om tilskot innan desse stønadskategoriane:

Ordinære anlegg, tilskot til bygging og/eller rehabilitering av idrettsanlegg

Normalt tilskot ordinære anlegg: 1/3 av godkjend kostnad.

For nokre anlegg er det fastsett særskilte maksimale tilskotsbeløp.

Nærmiljøanlegg

For tilskot nærmiljøanlegg: 50% av godkjend kostnad inntil kr 300 000.

Det er kun eigar av anlegget som kan søke om tilskot frå spelemidlane. Tilskot i form av spelemidlar skal ikkje danne grunnlag for fortenestebaserte eigarformer.

Søknad må fremjast seinast i løpet av kalenderåret etter at anlegget er ferdig. 

For nærare opplysningar eller spørsmål: Vibeke Øxnevad Stoltz  

Tlf. 53437021, Epost: vibeke.stoltz@tysnes.kommune.no

Føresegner, informasjonsmateriell kan hentast på følgjande nettstad og alle søknader skal sendast elektronisk, sjå: www.idrettsanlegg.no

Søknadsfrist: 15.11.16

 

LEIAROPPLÆRINGSMIDLAR 2016

Lag og organisasjonar innan barne- og ungdomsarbeid, idretts- og kulturarbeid kan søke om tilskot til opplæring av leiarar på grunnlag av dokumenterte utgifter i 2016.

 

Søknad sendast, med kopi av bilag til kurs-og reiseutgifter, til Tysnes kommune, rådmannskontoret, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal. Epost: post@tysnes.kommune.no

Søknadsfrist: 15.11.16.