Spar på vatnet

Publisert av:
28/6/2009 19:22

Tysnes Vassverk oppmodar abonentane sine å begrensa vatninga si på plenar og hageanlegg.

– Me vil gje abonentane våre lov å vatna to timar kvar kveld mellom klokka 19 til 21. Dersom nokon vatnar utanom denne tida, vil me stengja kranen deira. Det seier Oddvar Sunde i Tysnes Vassverk til Tysnesingen.

Tysnes Vassverk har eit normalt timeforbruk på 15.000 liter. På det meste klarar dei å produsera 22-23.000 liter vatn.

– No i desse varme dagane ligg forbruket på 30-40.000, altså over dobbelt forbruk, og det klarar me ikkje produsera. Det betyr at vatnet no går direkte frå  Vågstjørna, med klor. Vatnet er ikkje farleg, men får ein stygg farge og stygg smak, seier Sunde.