Linda Aase ynskjer velkomen til ungdomsklubben KEFAS

Nyoppstarta ungdomsklubb

Publisert av: May Britt Meland
20/9/2021 18:00

Ungdomsklubben KEFAS hadde si aller fyrste samling i Jensvoll bedehus laurdag 18. september. Dette er ein kristen ungdomsklubb på Tysnes for dei som går i 8.-10.klasse.

Initiativtakar Linda Aase fortel at ho lenge har tenkt på at det burde vera eit kristent tilbod for ungdommane på øyo. -Etter at det blei lagt ned på Jensvoll for nokre år sidan, har det ikkje vore noko tilbod. Så eg synst det var på tide. Bare det å invitera til et alkoholfritt miljø i helgane trur eg er viktig for ungdommane, seier Linda.

Kvifor namnet Kefas?
Kefas kjem frå namnet Peter som Jesus gir til ein av disiplane sine. Han sa til han at “du skal heite Peter/Kefas som betyr klippe. Eg vil bygga min menighet på denne klippe”. Så derfor valde eg “Kefas”. Det skal vera ein trygg, og stødig plass for ungdommane. -Pluss at eg synst det er eit kult namn, legg Linda til.

Aktivitet framover
Planen er å ha samlingar annankvar laurdag frå kl 19.30 til cakl 23.00. Der ein samlast og blir kjent, samt at ein har litt ulike aktivitetar og konkurransar.

Kjekt på klubb
Linda Aase fortel at dei hadde ein kjekk kveld på laurdag. Det kom 6 ungdommar. -Me blei kjent, hadde “vinn på minuttet”-konkurransar, og åt masse pizza og snop. Og me glede oss allerede til neste gong som er 2.oktober!