Sommartrim Tysnes 2018
Publisert av: Vegard Aslaksen
25/4/2018 18:16
SommarTrimTysnes2018 er aktiv i appen Trimpoeng frå 1. mai til 31. august 2018.
Sommartrimmen vert arrangert av Tysnes Breiband saman med Tysnes Treningssenter og SvingenPuls.
Alle som deltek får trimpoeng og kan vinna flotte premiar!
Trekning mellom alle som har registrert minst 10 innsjekk pr mnd
Trekning mellom deltakarar som er innom alle turmåla i løpet av sesongen: Gåvekort hos SvingenPuls : kr 1000,-
Trekning blandt dei ti høgste poengsummane: Gåvekort hos Tysnes Treningssenter: kr 1000,-
FOTO-konkuranse på Instagram: Ta bilde merka #SommarTrimTysnes og #trimpoeng.
Det vil dukka opp ekstra tilleggspoeng og konkurransar på enkelte turmål i løpet av sommaren, deltakarne får melding om dette på epost eller sms :-)
For å få poeng må ein nå eit eller fleire av turmåla i SommarTrimTysnes.
Når du er nær målet vil det vera mulig å “sjekka inn” og poenga blir registrert. Du får også poeng på gruppetimar hos Tysnes Treningssenter og SvingenPuls! Kontakt instruktøren på treninga :-)
Deltakaravgift kr 50,- (betaling er i appen Trimpoeng)
Tips for registrering av turmål:
– Start appen (ref. “Hvordan bli med”) og trykk på posten du ynskjer å gå til, FØR du startar turen (eller der du veit det er god dekning).
– Du må venta 8 timar før du får registrert same turmål ein gong til.
Dersom du har problem med registrering av «innsjekk», kan dette vera årsaka:
Du startar appen først når du er ved posten og mobiltelefonen slit med nedlastning av pga. dårleg dekning
Varierande GPS-signal
Posisjon/stadtenester i innstillingar for for mobilen er slått av
Eldre telefon med utdatert programvare