Publisert av:
30/5/2010 19:40
Sommarope i biblioteket
For femte sommaren på rad held Tysnes folkebibliotek ope ut fellesferien. Det har vist seg å vera eit populært og mykje nytta tilbod for sommarfolket på Tysnes, anten dei no er hyttefolk, heimvendte skuleelevar, turistar eller feriefolk på gjennomreise – eller ganske enkelt fastbuande. Biblioteket har fritt trådlaust internett.
Første dagen med sommarope vert tysdag 8. juni.
Opningstider dagleg tys-fre 10 – 15
Telefon 53 43 02 22 / 988 19 153
Tysnes folkebibliotek
Tysneshallen
Tlf. 53 43 02 22 / 988 19 153