Sommarens “happening”

Publisert av:
17/7/2012 07:34

Det er blitt ein tradisjon at det vert halden Basar på sommaren og det er ein fin møteplass for fastbuande, hyttfolk og andre ferierande.

Inntekta frå basaren går til drift av huset. Det vert loddsal både på bok og årar og det vert servert gratis kaffi og kaker i pausen.

Me oppmoder tysnesingar om å møta opp f.k.søndag, 22. juli, kl 15.

Me tek også imot gevinster, dersom nokon vil støtta oss på denne måten.

 

Skorpo Grendahuslag