Solid siger av Njardar/Tysnes G97

Publisert av:
24/8/2011 04:41

Etter fleire jamne kampar i vår viste laget at dei kunne dominera ein heil kamp. Solid klarte ikkje å stilla fult 11-lag og har gått over til 7-ar fotball. Det passa bra for Njardar G97 som nett no har fleire skada spelarar.

Kampen opna med eit baklengsmål, men etter kvart kom Njardar godt fram på banen og pressa høgt gjennom heile fyrste omgong. Dette ga utteljing og tysnesingane leia 2-1 til pause. Etter pausen fekk Solid igjen litt tak i kampen og klarte å utlikna til 2-2. Snart fekk Njardar overtaket og fekk inn to fine mål. Kampen enda 4-2 til Njardar. Dette viser at jamn trening i sommar og god kamp erfaring under Norway Cup har gitt eit godt grunnlag for haustsesongen. Lukke til vidare!

Desse var med:
Arild F, Johannes, Vegard, Arild E, Bjarte, Carl Andre, Lars Even, Markus, Simon, Torstein, Ørjan