Solid halvårsresultat i Tysnes Sparebank
29/7/2015 14:11
Tysnes Sparebank er godt i rute i høve til den planlagde veksten og resultat-framgangen. Ved halvårsskiftet er resultatet på 7 millionar kroner før skatt mot 4,2 millionar kroner på same tid i 2014. For å tilpasse seg nye kapitalkrav har banken realisert 1,7 millionar i ekstraordinær gevinst ved sal av verdipapir innan finans-sektoren.
23% vekst dei siste 12 månadane
Veksten i utlån er på heile 23% dei siste 12 månadane. Det er godt over den generelle marknadsveksten som er om lag 7%. Det betyr at banken aukar marknadsandelen i regionen. Hovudårsaka til den gode veksten er at banken har lojale kundar som er godt nøgde med bankkonseptet til Tysnes Sparebank. I tillegg er det mange nye kundar i regionen som byter til Tysnes Sparebank.
Nysatsinga i Kvinnherad er i rute
I april opna banken det første kontoret utanfor Tysnes kommune. Kontoret på Husnes har så langt vist svært god vekst. Veksten kjem både frå privat-og bedriftskundar. Det er svært gledeleg at nyetableringa er ein suksess så langt. Banken vurderer nye kontor etablert i løpet av hausten/vinteren som kjem.
Misleghaldne lån er redusert
Det er krevjande å lukkast med lønsam vekst. Så langt viser tala at banken sine misleghaldne lån er lågare ved halvårsskiftet i år samanlikna med same tid i 2014. Banken legg stor vekt på at nye kundar skal ha likviditet god nok til å tåla renteauke samstundes som lån skal vera godt sikra.
Solid bank
Banken finansierer om lag 89% av utlåna med innskot i frå kundar i regionen. I tillegg er banken si kjernekapitaldekning på heile 20,4%. Dette gjer banken godt rusta for den planlagde veksten i åra som kjem.
Tysnes, 29. juli 2015
Tysnes Sparebank
Dag Sandstå
Banksjef