Solid 1. halvårsresultat i Tysnes Sparebank
14/8/2018 19:02
Den gode utviklinga held fram.
Tysnes Sparebank leverer eit første halvårsresultat på heile 15,8 millionar kroner på drifta. Samla utlån i banken har no passert 3 milliardar kroner. Dette er om lag ei tredobling av forretningskapitalen i løpet av dei siste 3 åra.
Stor pågang av nye kundar.
Banken har i tillegg til hovudkontoret på Tysnes etablert kontor på Stord, Husnes, Rosendal, Odda og på Lagunen i Bergen. Etablering av nye kontor har vore ein stor suksess for banken. Svært mange kundar i distriktet ynskjer ein lokal og nær bank der du møter personar som kjenner dei lokale tilhøva.
«Banken har hatt ei svært god utvikling dei siste åra. Nye kontoretableringar har vore avgjerande for den utviklinga vi har hatt» seier banksjef Dag Sandstå.
TNS Kantar kundeundersøkjing syner at Tysnes Sparebank har dei mest nøgde kundane
I løpet av våren gjorde TNS Kantar ei kundeundersøkjing blant personkundane i regionen Sunnhordland og Hardanger. Resultatet av denne undersøkjinga syner at personkundane i Tysnes Sparebank er dei mest nøgde samanlikna med andre filial-bankar lokalt.
«Vi er svært nøgde med ei så god tilbakemelding frå kundane våre» uttaler banksjef Dag Sandstå.
Det går betre i regionen.
Det er gledeleg at verksemdene i regionen vinn nye kontraktar og gjer det betre enn på lenge. Vi ser auka aktivitet både i Hardanger og Sunnhordland. Arbeidsløysa har gått ned, noko som også er med å aukar hushaldningane sin etterspurnad etter banktenester. Banken har ein solid marknadsposisjon og har som mål å ta nye marknadsandeler i åra som kjem.