Sogeskrift og kalender

Publisert av:
3/12/2008 18:07

For dei som er glad i gamle dagar frå Tysnes er sogeskrift og kalender eit must. Dei er også fine julepresangar å gje!

I desse dagar er sogelaget ute med årets utgåver – rikt på forteljingar frå før i tida og på gamle bilete frå Tysnes. Forfattarar i årets sogeskrift er Olav Skjellevik, Sverre Dalland, Odd Tveit, Einar Skorpen, Hans Møllerup Skaten, Kristin Hjertaker Johansson, Kaare Myrvold Malkenes, Bjørg Paulsen og Toralf Enes.

Sogeskriftet kostar 150 kroner, kalenderen 100 kroner. Dei er å få kjøpt hjå Bok og Fritid og i Tysnes Sparebank sine kontor.