Sogeskrift og kalendar

Publisert av:
5/12/2009 21:38

Tysnes Sogelag, stifta i 1945 og i dag med rundt 200 medlemer, har som vanleg når det nærmar seg jul gitt ut eit nytt sogeskrift og ny kalender for neste år.

Desse kostar h.h.v. 150 og 100 kroner, og er du interessert i gamle historiar frå Tysnes og gamle bilete, er desse tingen for deg. Meldar du deg inn i Tysnes sogelag, får du sogeskrift og kalendar levert med i medlemsskapet kvar haust.

I sogeskriftet 2009 kan du lesa om Lundo på Myklestad, frå ei dagbok 1940-44, soga til Tysnes skyttarlag, flyplass på Godbakkjen, torvtaking på Singelstad, familien Erichsen på Gjerstadsneset, dagleglivet på Tysnes før 1940 og om kvardagen på Økland i tidlegare tider. Dette er berre nokre av forteljingane i årets sogeskrift.

For å melda deg inn i sogelaget kan du senda e-post eller ringja 53433161 el. 90854601