Snøkaos

Publisert av:
21/10/2010 06:59

Kong Vinter kom som vanleg brått på.

Ein trailer og tre bussar stod i åtte halv ni tida i dag tidleg fast i Dallandsbrekko og måtte få på kjettingar. Dette skapte situasjonar der bilar som kom oppover mot Windsor-krysset måtte rygga ned att for å ta fart, då det berre var eit køyrefelt forbi trailer og bussane.

Dei med sommardekk nedover Dallandsbrekko seilte godt, og ein varebil havna inn i ein hekk.

Ei stund etter kom politiet og stengde vegen inntil vegbana vart strødd.

Også andre stader vert det meldt om at bilar har havna i grøfta pga glatten.