“Kom deg ut dagen” på Årbakka Handelsstad

Publisert av: Martha Nygård Lande
2/9/2019 17:55

På søndag var det den nasjonale kom deg ut-dagen.

Tveit bygdalag, i regi av Ingunn og Alf Terje Myklebust, hadde i den forbindelse laga til aktivitetar på Årbakka Handelsstad. Her var det mulig for både liten og stor til å vera på hesteskokasting, jurklutkasting og gulerterspytting. Om lag 30 stykker hadde tatt turen for å for å prøva seg på dette.

Det var også mulig å gå til Hovlandsnuten, med Ketil Skjolde som guide. 5 stykker vart med på denne turen. Sjølv om det vart eit vekslande vèr, hadde det vore ein fin tur, kunne dei fem rapportera.

Tekst og bilder: Rebekka Høgestøl

Bilder frå turen til Hovlandsnuten: Ketil Skjolde