“Slektstreff” med Erling Utne og Ernst Berge Drange

Publisert av:
5/11/2010 18:31

På det andre kurset hadde me også historikar Marianne Herfindal Johannesen som gjesteforelesar, og drog dessutan på ein ekskursjon til Statsarkivet i Bergen. Alt i alt to vellukka kurs med mange nøgde kursdeltakarar!

No møtast me til “slektstreff” torsdag 11. november!  Me har ingen planar utover denne eine kvelden, me tenkte berre at det kunne vera kjekt å møtast att og høyra kor langt deltakarane har kome med slektsgranskinga rundt omkring – og få tid til ein drøs og utveksling av stort og smått. Det er også ope for alle andre interesserte.

Ernst Berge Drange, som har skrive dei fire banda med gards- og ættesoga for Tysnes, vil fortelja om arbeidet som bygdebokskrivar og om innsamling av slektsmateriale. Me har brukt litt “overtalingskunstar” for å få han hit så seint på året, så dermed håper me at så mange som mogleg set pris på dette høvet til å møta han og vil setja av ein 2-3 timars tid denne kvelden.

Erling Utne vil vera til stades og svara på spørsmål, anten det er stort eller lite.

NB! Dette er altså kun eit treff denne eine kvelden – det er IKKJE eit nytt kurs og ingen “forpliktingar”. Men om ønskjeleg kan me vurdera endå eit kurs. Me håper at så mange som mogleg kan koma!

Tid og stad: Torsdag 11. november kl. 1930, Tysnes folkebibliotek, Tysneshallen. Gratis.

Velkomen!