Skumringstur

Publisert av:
30/11/2013 19:53

Sjølv om det vart vått i ettermiddag var det mange som tok turen til Bedehuset i Våge for å delta på den tradisjonelle og koselege skumringsturen som søndagsskulen i Våge arrangerer.

Fyrst på programmet var å leite opp refleksar med symbol på. Ved hjelp av lommelykter og hovudlykter gjekk det etter kvart greitt å finne refleksane som hang  i skogen. Når borna var ferdige med å leita var dei så smått byrja å verta våte, og det var godt å komme inn i eit varmt bedehus som lukta bollar og kakao! Marit I Espedalen leia i år inne økta. Søndagsskulen framførte songar før det var tid for bollebord og varm kakao.

Aurora har fått bytta til seg nokre dyrefigurar

Godt med boller og kakao etter ein våt tur!

Søndagsskulen syng

Tekst og foto: Ole Johannes Støle