Publisert av:
25/3/2011 07:18
Skryt til ordføraren
I dag vert dei nye retningslinjene for differensiert forvaltning av strandsona lagt fram for Kongen i Statsråd.
Der vil det bli lagt fram ei oppmjuking i regelverket for mellom anna for alle kommunane i Sunnhordland. Det har vore lagt vekt på at me i Sunnhordland ikkje er Oslofjorden og at det difor bør vera ulik vurdering av strandsona her enn austpå.
I arbeidet for å få til endringa i regelverket rosar Navarsete arbeidet som er gjort av fleire ordførarar frå ulike parti i Hordaland, men trekk særleg fram innsatsen til ordføraren i Tysnes Helge Hauge, Steinulf Tungesvik i Hordaland Sp og stortingspolitikar Magne Rommetveit (Ap).
– Dei har ikkje lete denne saka kvila, seier Navarsete til bt.no.