Publisert av: Johnny Helgesen
18/4/2019 17:46
Skjærtorsdagsturen til Liafjellet
I flott vårvær og utan ei sky på himmelen vart skjærtorsdagsturen til Liafjellet ein flott opplevelse for dei 55 store og små. Vi vert fleire for kvart år som går.
Vi starta frå Grendahuset kl. 11:00 og var nede att i Hillesvik etter to timar.
Halv to var det årsmøte i Grendalaget som gjekk føre seg i rolege former.
Søndag kl. 11:00 vert det guida tur til Landrøypynten og fyret. Me gler oss.
Framleis god påske
Tekst og bilder: Per Verner Aase