Skjærtorsdagsbasar i grendahuset i Skorpo

Publisert av: Martha Nygård Lande
17/4/2022 09:47

Etter fleire års opphald på grunn av korona-restriksjonar, vart det endeleg basar i år. Som vanleg var det tillyst start klokka 15:00, men mange møtte opp ein time før, både for å sikra seg god plass og få ein god drøs med «gamle kjende». Folk møtte opp i hopetal. Det vart full hus, og nokre sat ute i finavêret.

Basaren starta med ei lang økt med mat og kaffi, – saft for dei minste -, og folk kunne då og ta lodd «på bok». Etter matøkta var det åresal. Vanlegvis har det vore fem åresal, tre før matøkta og to etter. I år var det kun eitt åresal med 5-dobla pris pr. åre. Godt over hundre gevinstar vart lodda ut på årar. På grunn av at nokon sat ute, måtte ein stå i døropningen og ropa opp vinnarnummera på årane.

Her ser du ein del av «gevinstane».

Som truleg dei fleste tysnesingar har fått med seg, var det eit kraftig lynnedslag i grendahuset i november 2020. Verst gjekk det ut over uthuset som måtte rivast og nytt byggjast på dugnad. Særleg seks karar gjorde her ein ekstra stor innsats. Desse seks vart ropte fram og fekk ein kraftig applaus plusss eit påskeegg.

Fv. Egil Meland, Olav Laukhamar, Svein Aga, Johannas Skorpen, John Laukhamar og Ottar Clausen

Siste post på programmet var trekkjing av loddbøkene. Her er vinnarane:

Dokke m/ garderobe: John Laukhamar
Strikka barnegensar: Teodor Eikeset
Ullpledd: Bjørg Unni og Bjørn Olav Bondhus
Lyslykt: Arve J. Nilsen
Stigegolf (utespel): Anne Karin Skorpen
Strikkagensar: Evy Oppegård
2 sengetøysett: Arve J. Nilsen
Verktøysett: Marita og Frank Hustad
Rosendahl dessertskåler: Grethe Larsen
Middag for to på Laukhamar Fritid: Fam. Per Arne Skorpetveit
Traktorgensar: Aron Laukhamar
Dreia treskål: Laila Særsten
Mölkky (utespel): Anne Grethe Skaten
Halv-båt: Bjørg Unni og Bjørn Olav Bondhus
Hjertepynt: Hanna N. Haukefær
Strikka skjørt og hue: Åshild Skorpen Heggland
Rutete pledd: Jonas Saue Almås
Gåvekort, Hageland Stord: Ingunn og Ernst Haukås

Stor takk til alle som gav «gevinstar» og alle som kjøpte lodd på bøkene og kjøpte årar!

På basaren pluss førehandssal kom det inn vel 33.000 kr

Elles kan opplysast at på årsmøtet kvelden før basaren, vart det sett fram forslag om å gje 10.000 kr til Ukraina-flyktningane. Dette vart vedteke med applaus.