Publisert av:
24/1/2009 22:42
Skiføre
– Det er skiføre og oppkøyrte scooterspor, opplyser Ole Skaten til Tysnesingen. Med gode vérmeldingar til søndag, bør ein nytta høve og ta seg ein skitur i Solheimsdalen.
Onarheim idrettslag køyrde i dag laurdag opp scooterspor mellom parkeringsplassen og Grovatnet.
Dei fyrste hundre metrane innover frå parkeringsplassen er det likevel ikkje meir snø enn det så vidt snøen dekkar skogavegen. Nokre stader stikk småstein opp, så ein bør ikkje ha ski som ein er redde for. På høgdene inne mot Grovatnet er det mykje meir, her ligg det også ein del gamal snø, fortel Skaten.