Publisert av: May Britt Meland
29/1/2021 20:33
Skidagar i Solheimsdalen
Det fine vintervêret som er om dagane må nyttast, og 5.-9. klasse på Tysnes skule var denne veka ulike dagar i Solheimsdalen. Kohortane delte seg i ulike dagar.
Tysdag var 5.-6. klasse på tur, onsdag var 7.-8. klasse avgårde og torsdag var det 9.klasse som skulle testa skiferdigheiter. I tillegg til skiaktivitet var det nokre som hadde med akebrett, så aktiviteten var stor.


Ramma var perfekt med eit flott skianlegg, sol og blå himmel. Det vart nesten påskestemning, og berre blide elevar og vaksne som kosa seg.

Uten mat og drikke…….

Skulen vil rette ei stor takk til Kraftlaget som sponsa minibussar!
Tekst og foto Kari Lande, Tysnes skule