Skaut merka hjort

Publisert av:
7/11/2009 09:48

Ein leigejegar på Færavåg skaut hjorten som vart merka på Tysnes i vår. Det fortel Magne Espeland til Tysnesingen.

Den merka hjorten var ein bukk med ca ti taggar og var tydeleg merka med eit breidt gult halsband. Espeland trur titaggaren vart for freistande for hjortejegaren.

Dei merka hjortane skulle ikkje skytast, dei skulle følgjast i fleire sesongar.

– Jegarane bør setja seg inn i slike ting før dei legg ut på jakt, og er det tvil er det betre å ikkje skyta, seier Espeland. – Sjølv hadde eg ein open skotsjanse på dyret, men sparte det fordi det var blitt oppfordra til det.

– Lite kjekt då at andre drit i dette og skyt i veg. Dette undergrev heilt klart prosjektet Hordahjort, sluttar han.

———-

Oppdatert 09.11.09
Vil koma med nokre kommentarer til innlegget om skaut merka hjort. Alle jegarane var informert om før jakta starta at ein hjort i vårt område var merka og at den ikkje burde skytast. I tillegg gjekk det ut mail då hjorten kom inn i vårt område etter ein lengre tur på Onarheim. Gjestejeger såg ikkje at hjort var merka og var som oss andre i valdet lei seg for at merka hjort vart skoten. Jarle Myklebust, Formann Hålandsneset Jaktlag.