Lag "Luna" på veg på ekspedisjon til øyane Torsdag.

Sjøsportveko 2018

Publisert av: Vegard Aslaksen
27/7/2018 18:57

28 born deltok denne veka på Sjøsportveko som blir arrangert av Båtlaget Njord/Tysnes. Arrangementet er forankra i seglsporten med fleire innslag med ulike sjøaktivitetar slik som vannsport og kajakkpadling – og ikkje minst bading. Sjøsportveko har fokus på å gi born og unge sjøvettopplæring og samtidig utfordra deltakarane til å freista nye aktivitetar i det våte element.

Båtlaget Njord/Tysnes vil med dette takka alle dei friviljuge som har vore med å dra i land nok ei svært vellukka Sjøsportveka!

-Her kjem eit aldri så lite bilde-dryss!

Kvar dag starta med opprop og informasjon for dagen. Her har alle no blitt einige om tre enkle reglar ein skal ha for at Sjøsportveko skal bli gjennomført på ein sikker måte for å sikra at alle er greie med kvarandre.

 

Deltakarane vart delt inn i tre grupper som roterte på ulike aktivitetar. Her skal eine gruppa læra å kolsigla – eller klara å få ein båt som har velta på rett kjøl att.

 

Anna Haugsgjerd har velta optimistjolla, og skal til å snu båten att.

 

Ei gruppe får her litt praktisk/teoretisk opplæring i sigling. Segljolla står på ei vogn på land, slik at ein kan demonstrera korleis seglet fungerer og korleis ein skal sitja i jolla.

 

På Gjerstad fekk deltakarane prøva å padla kajakk. Her har instruktør Kenneth Fagerbakk samla ei gruppe før dei skal leggja ut på ein liten padletur.

 

Hedvig, Sunniva og Sina sit klare på “Banantuben” klar til avgang.

 

Sigling med optimistjolle. Litt lite vind – men perfekt for nybyrjarar.

 

Jollesigling i fantastisk flott vér.

 

Dei yngste fekk sigla Oselvar i lag med ein røynd rormann. Her har Kåre Gjerstad teke med seg ein gjeng ombord i regattasiglaren “Glimt” for ein prøvetur.

 

Dei litt eldre og litt meir røynde lærte seg å segla oselvar på eige hand. Etter ein dag med trening vart dei sendt på ekspedisjon med oselvar til øyane der dei overnatta under open himmel frå torsdag til fredag.

 

Her har dei eldste ungane rigga ned i øyane og lagt båtane på dregg for kvelden.

 

Middagen vart tilberedt av ungane sjølve. Steikt hjortekjøt på steinhelle i lag med steikte grønnsaker og potetmos. Magisk!

 

Ingebjørg, Juni og Ella kosar seg med maten dei sjølv har tilberedt.

 

Stemningsbilete i solnedgangen.

 

Ein kjempeflott gjeng!