Foto; http://www.mammamiaherewegoagain.com.au/

Mamma Mia 2 – Norgespremiere på Fredag

Publisert av: Vegard Aslaksen
18/7/2018 07:54

Oppfølgaren til ein av tidas største kinosuksessar er her. Grendatun kino syner fram “Mamma Mia 2 – Here We go Again” Fredag 20 Juli kl 19.00

Ti år etter handlinga i den fyrste filmen, ventar Sophie og Sky barn. Sophie har teke over drifta av Donnas villa på den greske øya Kalokairi. Medan ho går svanger ynskjer ho å få vita meir om mora si fortid og korleis ho møtte Sophies tre fedre. I tillegg bankar en ny gjest på døra; Sophies bestemor, som ho aldri har møtt før. Det er duka for nye morosame forviklingar og ei lang rekke av fengande ABBA-låter i denne gledesspredande musikalfilmen. Gled deg til et gjensyn med castet frå den fyrste filmen og ei rekke nye bekjentskapar i sommarens store kinofest.

Foto; imdb.com