Publisert av:
30/8/2010 20:36
Sjeldant heimetap
Med siger i gårdagens 7.divisjons kamp på Reiso kunne Njardar krypa heilt opp i ryggen på tetlaga og liggja berre eitt poeng bak. Men det vart tap 2-3 og dermed kan opprykkstoget ha gått.
Njardar kom tidleg under 0-1 for Galgen før Kristoffer Lie Hansen utlikna med ei heading eit kvarter før pause. Fram til då hadde Njardar produsert ein del sjansar, men utan utteljing.
2.omgongen var ikkje like god og Njardar slapp to mål til inn, før debutant Børge Pedersen reduserte.
Dermed tapte dei gulkledde henget dei hadde på 2. og 3.plassen. Dei har no fire lag framføre seg på tabellen: Søfteland med 23 poeng og Lysekloster, Nore Neset og Rong har alle 19 poeng. Njardar ligg på 15 poeng.