Publisert av:
22/3/2009 14:46
Siste turneringshelg
På laurdag var det avsluttningskampar på Fitjar. Både gutane og jentene spelte bra og viste god moral.
Gutane spelte fyrste kampen 9 -9, dei spelte god og artig håndball og var svært nære på å trekkje det lengste strået. Men når dommaren blåste av stod det uavgjort. Siste kampen vart det tap mot eit svært så agressivt Stord lag.
Jentene stilte med tre lag som vanleg. Dei vant tre av kampane og tapte dei tre andre. Og i nokon av kampane vart det imponerande godt spel. Dette var den siste kampen med spel på tvers av banen, neste år blir det spel over heile banen og med ein spelar meir.
Det har vore kjempekjekt å sjå kor flinke desse gutane og jentene har vorte gjennom dette året. No skal me trene mot pinse cupen.
