Publisert av: Johnny Helgesen
4/7/2019 12:43
Siste helg av kunstutstillinga i Hålandsneset Grendahus
Det går mot siste helg av kunstutstillinga i Hålandsneset Grendahus.
Torhild og Mona har hatt godt med besøk og noko salg har det og blitt. Dei lyse og trivelege lokala er kjempefine til utstilling av bilete og dei to damene leikar med tanken om malekurs til vinteren og ny utstilling neste sommar.
Skal du møta kunstnarane, er laurdag og søndag siste sjanse.