Sigling og sjøsport for alle

Publisert av:
11/3/2016 17:21

Som tidlegare år arrangerer me Sjøsportveko 11- 15 juli for born i alderen 8 -13 år. Sjøsportveko byr på aktivitetar som jollesigling, padling, sjømannskap, Eliasbåten “Tysnesøy”, vannsport og bading.

Påfølgjande helg 16 – 17 juli arrangerer me Surf Weekend for dei litt eldre i alderen 13 – 18 år.
Her vil deltakarane få basisopplæring i windsurfing. 

I år arrangerer Båtlaget N/T Noregsmeisterskap i Oselvarsigling – 13 og 14 august. Me ladar opp til meisterskap med Siglarveko 9 – 12 August for unge og eldre frå 13 år – uansett bakgrunn og nivå. På Siglarveko vil du få opplæring i å sigla Oselvaren – Noregs nasjonalbåt. Kanskje du får lyst å vera med å sigla NM og?

 

For meir informasjon om arrangementa, prisar og påmelding klikk på lenkjene;

Sjøsportveko: http://baatlaget.pagecloud.com/sjosportveko

Surf Weekend: http://baatlaget.pagecloud.com/surfweekend

Siglarveko: http://baatlaget.pagecloud.com/siglarveko

 

Seglsporten og Båtlaget treng fleire siglarar – me håpar du blir med!