Siger på heimebane

Publisert av:
6/10/2014 08:33

Njardar/Tysnes hadde eit markert overtak i heile kampen, men det var først i andre omgang at utteljingane kom.

I første omgang spelte laget seg fint fram til 16meteren, men då gjekk spelarane seg fast.

I andre omgang losna det, og me var vitne til fire sjeldan flotte mål. Først sette Alf Inge ein ball i det lengste hjørnet for målmannen. Så var det Håvard sin tur. Han førte ballen og frå ca 25 meter brente han til. Ballen fauk inn i hjørnet til venste for målmannen. Erik ville ikkje vera dårlegare. Også han førte ballen mot mål, og frå ca 20 meter smelte han ballen inne ved stolpen til høgre for målmannen. Også Erik sitt andre mål var ei perle. Njardar/Tysnes vann heilt fortent.
I andre omgang løfta laget seg, og då fekk me sjå ein del god fotball.

Fleire av spelarane leverte årsbeste.

Spelarstallen er i minste laget, og til denne kampen hadde ein berre 12 spelarar.
Desse var: Martin Bakke, Kenneth Dalland, Ørjan Pettersen, Håvard Helvik, Sindre Økland, Håkon Knudsen, Sondre Flygansvær, Erik Enes, Karl Henrik Helgesen, Alf Inge Stue, Vegard Kleppe og Amalie Tysnes.

 

Helge Hauge