Siger i fyrste kamp

Publisert av:
24/4/2010 08:43

I går kveld gjesta Lysekloster 2 Reiso graset til årets fyrste kamp for a-laget.

Det vart ein litt rotete og variabel kamp, men stort sett var det stort Njardar-press mot gjestane sitt mål.

Terje Hagen heada inn det fyrste etter eit flott innlegg frå kanten av Ørjan Malkenes. Så utlikna Lysekloster før Njardar tok leiinga på straffespark. Christian Frugård vart felt, og Eivind Skorpen var sikker frå 11-meteren.

Deretter kom Christian Frugård åleine med keeper og satte inn sluttresultatet til 3-1 til Njardar.

I gutelaget sin fyrste kamp, vart dei knust 8-0 av Os på Kuventræ. Dei vart totalt utspelt av eit svært velspelande Os-lag.